Valvatne Bygg har starta grunnarbeidet i området. Etter kvart vil feltet gi rom for einebustadtomter i den øvste delen, seks bustader i rekke, samt moderne fire- og seksmannsbustader organiserte som burettslag. På sikt er det òg planlagt eit leilegheitsbygg på austsida av området.
Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.
Einebustadtomtene ligg vakkert plassert på toppen av haugen, dei vert levert ferdig planert og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden.
Fleirmannsbustadene vert moderne, praktiske og lettstelte, og dei blir tilbydde i ulike storleikar som passar for alt frå fyrstegongskjøparar til einslege, par og familiar.
Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, sjølveigar og burettslag, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Du kan no sikre deg din plass i dette nye nabolaget! Sjå bustadvelgar for meir informasjon om dei ulike tomtene og bustadene.
Velkomen til Kårevik – Den gøymde perla på Stord
Drøymer du om å bu nær havet, med naturen som næraste nabo og samtidig kort veg til det du treng i kvardagen? Då er Kårevik staden for deg.
Kårevik ligg idyllisk til på vestsida av Stord og byr på ein unik kombinasjon av roleg småbyliv og naturskjønne omgjevnader. Området er kjent for den vakre utsikta, sentrale plassering og flotte turmoglegheiter heile året.
Med kort veg til både Leirvik sentrum, Heiane næringsområde, skular, barnehagar og butikkar, har Kårevik ei ideell plassering for både barnefamiliar og vaksne i etableringsfasen, samt for dei som ynskjer ein pernsjonisttilværelse utanfor bykjerna. Her får du nærleik til alle tilbod, samtidig som du kan nyte stilla og kjensla av å bu «på landet».
Området har dei siste åra hatt ei positiv utvikling med nye bustadprosjekt og aukande interesse – og det er ikkje utan grunn. Her får du trygge omgjevnader, sentral plassering og vakker utsikt.
Kvifor velja Kårevik?
Sjø og natur rett utanfor døra
Kort veg til sentrum og nødvendige tenester
Familievennleg og trygt nabolag
Gode tur- og fritidsmoglegheiter
Eit område i vekst med attraktivt bumiljø
Anten du er på jakt etter ein ny einebustad eller ein leilighet, er Kårevik ein stad du vil trivast – og bli verande.
Visninger
Kontakt oss
Interessert?
Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?
Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!