Tomt BF 4

BF 4 – solrik tomt med flott utsikt mot Stordfjella

BF 4 er ei solrik, skrånande tomt med flott utsikt mot Stordfjella. Tomta eignar seg godt for bustad med underetasje og gir gode moglegheiter for å tilpasse bustaden til terrenget.

Tomta vert levert med eksisterande terreng og flat tilkomst inn på tomta. Det er mogleg å etablere inngang frå underetasjen, men me anbefaler å vurdere hovudtilkomst til 1. etasje frå oppsida mot sør.

Reguleringsføresegnene opnar for sekundærleilegheit på inntil 60 m² – ei fin moglegheit for deg som ønskjer ei ekstra bueining.

Anbefalt planert høgde underetasje: ca. kote 32,0 moh.
Maks. mønehøgd: kote 43,0 moh.

Ta gjerne kontakt med seljar for ei uforpliktande visning. Me anbefaler å oppleve tomta på staden for å få eit godt inntrykk av plassering, utsikt og moglegheitene tomta gir.

Sjå prospekt og reguleringsføresegner for utfyllande informasjon om tomta.

Vedlegg

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Bjørn Storebø

Bjørn Storebø

Seljar

Valvatne Bygg AS
Anders Titland

Anders Titland

Seljar

VALVATNE BYGG AS

Interessert?

Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?

Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring