A2
Her kan du sikre det ein moderne leilegheit med lave bukostnader! Firemannsbustaden er organisert som burettslag, noko som gir deg føreseielege kostnader, felles vedlikehald og ein trygg økonomisk struktur.
Frå 15 oktober vert det prisstigning på fleirmannsbustadene! Ta kontakt i dag for å sikre deg leilegheita til gjeldande pris!
Leiligheten ligg i fyrste etasje og er på eitt plan. Den har ei gjennomtenkt planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, samt utvendig sportsbod med moglegheit for carport.
Bustaden har eit moderne og stilreint utvendig uttrykk.
Leiligheten har to soverom, eitt bad og eit romsleg vaskerom/ teknisk rom. Leiligheten vert levert med vannbåren varme i gulv.
Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert i leveransen.
Som kunde får du òg tilgang til ein tilvalgsmodul der du kan gjere ynskjelege tilpassingar og endringar utover det som er inkludert i interiørpakkane. Dette kan til dømes vere val av gulv, farge og front på kjøkkeninnreiing eller oppgradering av baderomsinnreiing og garderobar.
Salgsstart: Januar 2026
Planlagd oppstart: 3. kvartal 2026
Planlagd ferdigstilling: sumar 2027
Me gjer oppmerksam på at illustrasjonsbileta på denne sida er henta frå ulike leiligheter i firemannsbustaden, og kan difor avvike ift utsikt, tilval og planløysing.
I dette prosjektet tilbyr me kundane våre ein ferdig utarbeidd interiørpakke, der golv, fargar, fliser og innreiingar er nøye sett saman i ein harmonisk fargepalett. Slik får bustaden ein gjennomført stil med ein tydeleg raud tråd frå rom til rom.
Interiørpakke Natur er inspirert av dagens interesse for varme, jordnære fargar og material som gir heimen ei lun kjensle. Lyse beige nyansar dannar ein roleg base, medan dempa grønt og mjuke bruntonar tilfører djupn og variasjon. Saman med golv i eikeuttrykk og flater i beige gir dette ein naturleg fargepalett som er lett å setje sitt eige preg på.
Som kunde får du òg tilgang til ein tilvalsmodul, der du enkelt kan gjere personlege tilpassingar og velje andre løysingar enn dei som er inkluderte i interiørpakken.
Plantegninger
Visninger
Kontakt oss
Interessert?
Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?
Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!