C3, fire bustader i rekke
Alle bustadene er på eitt plan og har ei gjennomtenkt planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, samt utvendig sportsbod med carport. Bustadane har eit moderne og stilreint utvendig uttrykk, med store glasflater og høg himling i stova. Carporten sørger for eit lunt uteområde samstundes som den fungerer som eit naturleg skille mot nabohuset.
Bustadene har 3 soverom, eit bad og eit gjestetoalett. Leileghetene vert levert med gjennomgåande bra standard (sjå eiga romskjema og leveransebeskriving). Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert i leveransen.
Som kunde får du moglegheit til å setja ditt personlege preg på bustaden gjennom utvalde tilval. Dette kan til dømes vere val av parkett og peisomn, farge og front på kjøkkeninnreiing eller oppgradering av baderomsinnreiing og garderobar.
Prosjektframdrift:
Salgsstart: 4 kvartal 2025
Oppstart: 2 kvartal 2026 (forutsetter nok sal)
Ferdigstilling: 2 kvartal 2027
Me tilbyr kundane våre eit val mellom to ulike interiørpakker i dette prosjektet. Pakkene er utforma for å skape ein gjennomført og harmonisk heim, der fargar og materialval står i fin samklang.
Slik får du ein heilskapleg stil med ein tydeleg raud tråd gjennom heile bustaden.
Plantegninger
Enheter
Visninger
Kontakt oss
Interessert?
Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?
Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!