Open dag og visning i Kårevik Vest!
🏡 Open dag i Kårevik Vest – søndag 21. juni kl. 12–14
Drøymer du om ny bustad på Stord?
No har du sjansen til å sikre deg ein av dei få ledige bustadene i attraktive Kårevik Vest. Her tilbyr vi både byggjeklare tomter og moderne leilegheiter i fire- og seksmannsbustader.
✨ Dette får du i Kårevik Vest:
• 6 ledige bustadtomter
• 10 leilegheiter i ulike storleikar og prisklassar
• Kort veg til sjø og flotte friområde
• Nærleik til turstiar og rekreasjon
• Få minutt til Heiane næringsområde og servicetilbod
• Eit triveleg og framtidsretta bumiljø
På open dag kan du sjå området, få informasjon om tomter og leilegheiter, og møte utbyggjar for ein uforpliktande prat. Dersom vestlandsveret tillett det, fyrar me opp grillen og serverer pølser og drikke.
📅 Søndag 21. juni
🕛 Kl. 12–14
📍 Kårevik Vest, Stord (innkøyrsel frå Moldmyrvegen)
Legg søndagsturen til Kårevik Vest, velkomen til visning!