Kommande seksmannsbustad i Kårevik Vest – Moderne, lettstelt og sentralt
Valvatne Bygg er i gang med planlegginga av ein moderne og stilfull seksmannsbustad i front av det nye bustadfeltet Kårevik Vest. Dette vert eit bustadprosjekt der kvalitet, funksjonalitet og moderne uttrykk står i fokus – skreddarsydd for dagens behov og morgondagens forventningar.
Bustadene vil få ei gjennomtenkt og lettstelt utforming, perfekt for både unge, familiar og vaksne som ynskjer ein enkel og behageleg kvardag. Med sentral plassering i feltet, og nærleik til både natur og nødvendige fasilitetar, ligg alt til rette for eit godt bu- og nærmiljø.
Prosjektet vil by på:
Seks bustadeiningar med moderne uttrykk
Sentralt og solrikt i Kårevik Vest
Lettstelt og praktisk planløysing
Del av eit nytt, variert og framtidsretta bustadfelt for folk i alle aldrar
Informasjon om framdrifta med denne seksmannsbustaden vert lagt ut fortløpande. Følg med!
Visninger
Kontakt oss
Interessert?
Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?
Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!