Velkomen heim!

På vegne av Kårevik Utvikling er Valvatne Bygg stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadområde i det populære og naturskjønne Kårevik. Her vert det både romslege einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader – perfekt for alt frå barnefamiliar til førstegangskjøparar og dei som ynskjer seg ein lettstelt bustad.

Kårevik kombinerer det beste frå to verder – ei sentral og praktisk plassering, samstundes som du får nyte den landlege roen. Dette vert eit nabolag med plass til trivsel, kvardagsliv og framtidsplanar, og bustader tilpassa ulike behov og budsjett.

Reiseavstandar

Heiane Storsenter
2 km
Leirvik Sentrum
4 km
Langeland Skule
1,6 km

Ein god stad å bu

Nærhet til turområde
Nærhet til sjø og strand
Solrikt

Valvatne Bygg er no i gong med salet av einebustadtomtene i Kårevik Vest! Det er fyrste trinn av prosjektet som omfattar totalt åtte einebustadtomtar, ein seksmannsbustad, ein firemannsbustad og ein firemannsbustad i rekke. I tillegg kjem eit leilegheitsbygg på austsida av området.

Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.

Einebustadtomtene ligg vakkert plassert på toppen av haugen, dei vert levert ferdig planert og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden. Her kan du realisere bustaddraumen i rolege og naturskjønne omgjevnader.

Fleirmannsbustadene vert moderne, praktiske og lettstelte, og dei blir tilbydde i ulike storleikar som passar for alt frå fyrstegongskjøparar til einslege, par og familiar.

Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Du kan no sikre deg din plass i dette nye nabolaget!

I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.

Kårevik Utvikling er eit samarbeidsprosjekt mellom Valvatne Bygg og Ingeniør Jørgensen. I 2021 kjøpte dei tomteområdet i Kårevik, og sidan har dei samarbeidd om å utvikle og prosjektere det til eit nytt bustadområde.
Valvatne Bygg har ansvar for sal og oppføring av einebustadtomtene og fleirmannsbustadene, medan Ingeniør Jørgensen står for utvikling og bygging av leileghetsbygget som skal plasserast på austsida av området.

Målet med prosjektet er å skape eit bustadområde som passar for folk i alle aldrar – med ulike behov, ynskjer og budsjett.

Prosjektfremdrift

  • PlanleggingMai 2025
  • SalgsstartJuni 2025 (tomtar)
  • Byggestart
  • Innflytting

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

avatar

Bjørn Storebø

Seljar

avatar

Dag Kjetil Lægreid

Seljar og prosjektutviklar

avatar

Anders Titland

Seljar

Interessert?

Interessert i meir informasjon, eller vil du skrive deg på ei interesseliste?

Fyll ut skjemaet under, og skriv gjerne kva tomt eller bustad du er interessert i. Me kontaktar deg!